Skal ei jente redde og trøyste far sin?
Teatr Baj frå Polen er på gjestespel hjå Det Norske Teatret under Fosse-festivalen.
Spelejenta/Dziewczynka ze skrzypcami har mange gode kvalitetar og er interessant på fleire vis. Kva slags ansvar legg dei på ei lita jente? Og kva er det dei vil med dokkene i framsyninga?
Av Elin Lindberg
SPELEJENTA av Jon Fosse
Dziewczynka ze skrzypcami på polsk
Omsetjing til polsk Monika Grossman-Kilber
Regissør: Ewa Piotrowska
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Scenografi: Edyta Rzewuska
Musikk: Karoline Rising Næss
Det Norske Teatret, Scene 3, onsdag 6.september 2023
Denne framsyninga er eit samarbeid mellom Teater Baj og Det Norske Teatret. Det er laga
som ein del av prosjektet «Barn – vaksen – eit leksikon for sensitivitet». Og ja, her er det mange kjensler. Først: Eit diverre vanleg problem er at somme foreldre tar med seg barn på teater som ikkje er i målgruppa. Det er ei grunn til at det er sett ei aldersgrense. Teateret skriv at denne framsyninga passar for folk over 10 år. Det er litt ugreitt at små barn – heilt sikkert under 10 år – så redde at dei skjelv, må dra foreldra sine ut av teatersalen fordi dette blei alt for skremmande for dei. For ja, denne framsyninga har nokre ganske skumle scener. Og det er ikkje farleg for barn å sjå skumle scener, men her bør ikkje barna vere alt for små.
Tekkeleg start
På scene 3 er det to store skjermar som står på skrått å kvar si side av ein halvsirkel som er spelerommet. Bak i midten er ei opning dekt med eit forheng av kvitt tau. Midt på golvet står ein lenestol. Ein liten radio står ved sida. Ved veggen står ei slitt fiolinkasse og eit par sko. I starten fargar lyset rommet lyseblått – det er reint og signaliserer barnleg uskuld. På den eine veggen heng eit bilete. Eg trur først det er av ei heks med spiss hatt og kappe-aktig kjole – stykket skal jo handle om noko magisk. Men eg ser etter kvart at det ikkje er ei heks med spiss hatt, men ei kvinne med fiolin, på biletet – er det kan hende ei fråverande mor? På den andre sida av spelerommet er det projisert ei dør inn til eit anna rom i leilegheita, der vi forstår at jenta bur saman med far sin.
Lyst og mørkt
Hovudpersonen, sjølve spelejenta, som blir fint spelt av Adriana Parocka, kjem dansande inn. Ho dansar yndig og søtt og er kledd tradisjonelt jentete. Ho har blå kjole med eit kvitt, litt gamalmodig armforkle på seg. Ho har fletter og blå og kvit-stripete strømpebukser. Uskulda sjølv. Ho dansar lett og glad. Kontrasten er faren, godt spelt av Andrzej Bocian som kjem inn mørk og tung i arbeidskleda sine. Det er noko med far. Det som til no har verka som søtt og tekkeleg barneteater står no som ein slåande kontrast til alt det mørkeret som far tar med seg inn. Far berre sit. Jenta freistar å muntre han opp. Far sit. Han tar eit ullteppe halvt om seg. Han sit. Har er ikkje glad.
Vérmeldinga
Denne framsyninga er nesten heil ordlaus. På radioen er det ei sending. Det r vêrmeldinga. Og ho er for måndag – altså så er dette ei søndag. No er kanskje ikkje vêrmeldinga noko som gjev så mykje meining om ein bur i by – ja, det kjem både regn og Hans og sol og sviande tørke, men i Fosse-land – på Vestlandet, ved havet, der har vêrmeldinga mykje å seie. Ho fortel om du kan kome deg ut med båten, om du kan dra på arbeid om du er fiskar. Ho kan bety liv eller daud. Ja, vêrmeldinga kan liknast med sjølve Gud. Vêrmeldinga i stykket melder ikkje om verken sol eller storm, men det er mykje gråvêr, kuling og sludd i ho. Ho er ein del av faren sitt liv, men han agerer ikkje på ho. Han sit i stolen sin.
Maskebruk
Ein svartkledd og skummel figur flott spelt av Oskar Lasota, kjem ålande fram. Og for å gjere det klart – alle dei tre skodespelarane i oppsetjinga har eit framifrå kroppsspråk. Dei er svært presise og fine. Vi ser i starten ikkje andletet til den kappekledde. Han liknar ein demon med slangeaktige rørsler. Han er skikkeleg skummel. Det meiner ungane som ser på òg, høyrer eg rundt meg. For somme blir det så skummelt at dei må gå. Den kappekledde demonen gjer noko med faren i stykket. Først får faren på seg ei maske. Maska minner om faren sitt eige andlet, men det er grått og livlaust. Ein regel når ein arbeider med maske er at ein skal vere varsam med å ta på maska. Det gjer utøvarane her – dei tar med hendene på maska. Då mistar maska noko av sin magi. Ho blir ytterlegare daud. Maska blir berre eit objekt. Det kan jo vere at dette er medvite for å understreke at ei svært tung og døyeleg kraft har fått makt over faren.
Maska er no utan liv.
Barnet må redde faren
Faren slik han har vore, er borte. Han er ikkje lenger heime. Han sit på ein stein ute i havet. Og havet er stort og vilt og skremmande. Vêret er vilt og demonen er nifs. Jenta legg av garde for å redde faren sin. Ho reiser gjennom aude natur og over høge fjell. Ho gjev til og med den eine fletta si til demonen. Ho ofrar seg sjølv på eit vis. Det er mykje for eit barn. Det er for mykje for eit barn. I Jon Fosse si bok, som er illustrert av Øyvind Torseter, er det spelet til spelejenta som reddar faren. I boka er faren ikkje så fullstendig bortkomen som i stykket. Han er kanskje både trist og deprimert i boka, men boka legg ikkje ansvaret for å redde faren på barnet slik eg opplever at stykket gjer.
Dokkeføring
På eit tidspunkt blir faren ei dokke. Ho er i heilfigur som ein miniversjon av faren – kanskje ein meter lang. Men dokkeføringa er det ikkje jobba med. Dokka blir meir som eit objekt. Den harde dokkehanda blir slept rett ned i golvet slik at det blir eit hardt dunk mot scenegolvet. Då mister dokka magien sin. Ho blir aldri animert, ho får ikkje liv. Eg veit ikkje om det er medvite, men det er synd at ikkje dokkene også blir brukt til å spele med som om dei var dei medspelarane dei kunne vore. Her kjem dei berre til å representere faren, og spelejenta der ho ein gong i stykket kjem fram som dokke.
Alt ender godt – far og dotter sit i lag på eit teppe på golvet og et eple i lag til slutt. Stykket er absolutt velspelt – alle skodespelarane er supre. Animasjonane er flotte. Dramaturgienfungerer fint. Men eg sit igjen med at dette var kanskje ein vel mørk tur for eit barn og eit vel stort ansvar for den velmeinande spelejenta.