Skrevet av John Stavland
Det var med stor sorg vi mottok den triste bodskapen om at Ljudmil
Nikolov hadde gått bort 10.mai etter lengre tids sjukdom, 68 år gamal
Ljudmil kom til Hordaland Teater i 1990.Han reiste rundt med eit
Bulgarsk danseband, og i vakre Rosendal møtte han sin store kjærleik,
Anne Ørvig frå Bergen.
I Rosendal låg også teaterbåten Innvik til kai. Her kom han i kontakt med
med skodespelarane ombord.
Etterkvart møtte han Teatersjef, Anne Gullestad på det nyetarblerte
Hordaland Teater. Ho tilbydde Ljudmil jobb på teateret. Han var nemleg
utdanna figurteater-skodespelar og var tilsett i 15 år ved Det
Nasjonaldokketeater i byane Plouiv og Sliven i Bulgaria.
Då var det gjort, lukketreff i Rosendal med kjærleiken, og ny spanande
jobb på Hordaland Teater. Dette vart også definitivt eit lukketreff for
Hordaland Teater.
Det skulle snart vise seg at vi hadde fått ei særs kreativ urkraft inn på
Hordaland Teater.
Ludmil hadde ein utømmeleg iderikdom. Han tenkte prosjekt heile tida
og tok sterk del i skaparprosessen. Figurteater stod sentralt i
framsyningane med Ljudmil og var nyskapande og unike med stort
spenn i uttrykk og form. Han sette store krav til perfeksjon. Figurar,
rekvisittar og scenografi produserte han ofte sjølv. Han skapte magi på
scenen og trollbatt sitt publikum.
Ljudmil representerte noko nytt i teater for dei yngste. Han var eit
fyrverkeri med stort temperament, hadde eksfaktoren, sjarme og sterk
scenisk utstråling som nådde inn til våre hjarto. Publikum elska han.
Ljudmil vart på mange måtar ein signatur for barneteater i Hordaland i
den perioden teateret turnerte med framsyningane sine.
Ljudmil hadde ideen til “Veggen” som fekk Heddaprisen for beste barne
-og ungdomsteaterframsyning i 2012.
Han deltok også på fleire figurteaterfestivalar :Den internasjonale
figurteaterfestivalen ved Agder Teater i Kristiansand, Porto i Portugal,
Teater Kukol i Ryazan i Russland, Tyskland og Budapest i Ungarn
Men Ljudmil arbeidde ikkje berre med teater. Han var ein
multikunstnar.Han var også biletkunstnar,og produserte til det siste og
delte raust bilete med oss, noko som er ekstra fint å ha no når han er
borte.
Ljudmil var også musikar og ein stor sangar. Vi kalla han Bergens svar
på Joe Cocker. Dette fekk han vist mellom anna i “Heim” på Det
Vestnorske Teateret. Mange vart nok overraska over hans sangkvalitet,
og det var fint å sjå Ljudmil også i denne rolla.
Også underteikna vart tilsett på Hordaland Teater i 1990, og eg fekk den
store gleda og utfordringa å arbeide med Ljudmil i fleire produksjonar,
som regissør og produksjonsleiar.
Dette samarbeidet vart også til eit vennskap eg sette stor pris på.
Ljudmil vil bli djupt sakna, og vi tek med oss alle dei fine minna vi har
med han og lyser fred over hans minne.
I denne tunge tida går våre varmaste tankar først og fremst til Anne,
døtrene Maria og Romina,barnebarnet Kornelius og svigersonen
Thomas, som har mista sin kjærlege og livfulle Ljudmil med den sterke
skaparkrafta og det store hjarte.
For kollegaer ved Hordaland Teater/Det Vestnorske Teateret
John Stavland
Minneordet ble først publisert i Bergens tidende den 23.5.22